Deltakarar
Rådmann Ellen Njøs Lillesvangstu, ordførar Arnstein Menes, kommuneoverlege Leiv Erik Husabø, kommunalsjef helse og omsorg Åslaug Brænde, kommunalsjef plan og samfunn Arne Abrahamsen, konst. personalsjef Dagrunn Røysum, leiar Dokumentsenter Reidun Hågvar, kommunikasjonsrådgjevar Mariann Skau, 
Aina Thomasen, CIM/logg-ansvarleg Maj Britt Brendstuen og leiar innbyggartorg 
Anja Hamre, Informasjonstab (lyttepost), HTV og hovudverneombod (lyttepost)
 
Status nasjonale føringar
Rettleiar for opning av barnehagane er kome. Innhaldet er som venta, til dømes  fokus på oppdeling i mindre grupper. Dei som ikkje kan gå på jobb må ha legeerklæring. 
Har du hatt påvist koronasmitte skal du vere heime i tre dagar etter du er frisk, ikkje  ei veke som har vore tilrådinga til no.
 
Status eigen organisasjon 
  • Smittevern/kommuneoverlege
    Det er ein del spørsmål kring kven kan jobbe i barnehage i forhold til risikogrupper. Føl nasjonale retningslinjer for dei som er i risikogruppene.
    Auke i testing av personar ein mistenker har smitte. 
    Ingen nye smitta.
    Smittevernlege har fått ein del førespurnadar om å gje dispensasjon frå nasjonale retningsliner. Det vert ikkje gjeve dispensasjon frå nasjonale reglar.
  • Helse og omsorg
    Ein del spørsmål om risikogrupper/sjukdom i familie hjå tilsette og familiar med born i barnehage/skule i samband med opning. Me legg mest mogleg til rette og støttar oss til nasjonale retningslinjer.
    Fysioterapitenesta førebur opning for å ta i mot pasientar, ein-til-ein-konsultasjon. 
    Førebur sommar og ferieavvikling og opplæring av vikarar på sjukeheimane. 
  • Oppvekst
    Opnar barnehagar måndag 08.00 – 15.00. Skal sjå på oppmøte til forskjellige tider. Alle tilsette i barnehagane går gjennom og gjer seg kjende med dei nye retningslinjene.
    Nokre tilsette er urolege og det er det forståing for, men det er viktig å lite på dei nasjonale retningslinjene.
  • Plan og samfunn
    Ikkje noko nytt.
  • Ordførar
    Ikkje noko nytt.
    Ynskjer snart å få oversikt over økonomiske konsekvensar i samband med korona-pandemien som ei orienteringssak til formannskapet.
    Har fanga opp ein del uro blant tilsette knytt til opning av barnehage/skule og smittespreiing.
  • Kommunikasjonsrådgjevar
    Videoar knytt til opning av barnehagar og skular frå Utdanningsdirektoratet vert delt på nettsida.
    Smittestopp – ny app som skal hindra vidare smittespreiing, me deler informasjon frå folkehelseinstituttet på heimesida.
    Informasjon om fysioterapi-tenesta sine videokonsultasjonar, meir informasjon i neste veke. 
  • Rådmann
    Fin informasjon som er lagt ut på nettsida i høve opning av barnehagar
 
Møter framover
Første møte er tysdag 21. april der dei eksterne blir inviterte.
Møter kvar tysdag og fredag framover.