Deltakarar
Rådmann Ellen Njøs Lillesvangstu, ordførar Arnstein Menes, kommuneoverlege Leiv Erik Husabø, kommunalsjef helse og omsorg Åslaug Brænde, kommunalsjef plan og samfunn Arne Abrahamsen, konst. personalsjef Dagrunn Røysum, kommunikasjonsrådgjevar Mariann Skau, Aina Thomassen, CIM/logg-ansvarleg 
Maj Britt Brendstuen og leiar innbyggartorg Anja Hamre, Informasjonstab (lyttepost), HTV og hovudverneombod (lyttepost)
 
Status nasjonale føringar
Mange nye bransjestandardar ligg på nett.
 
Status eigen organisasjon 
  • Smittevern/kommuneoverlege
    Fylkeslegen oppfordrar kommunane til å opne NAV-kontora, ikkje alle som er digitale.
    Avgjere kva me gjer med koronatelefonen (vert drøfta mellom aktuelle einingar).
    Framleis mykje spørsmål om kva ein kan og ikkje kan gjere.
    Helse Førde anbefaler kommunane å samarbeida om smittevern, dyrt å drifte t.d. avdelingar for smitta åleine.
  • Helse og omsorg
    Sjukeheimane har opna for frisør og fotpleiar. Også opna for at ein del pasientar kan ete måltida sine i fellesareal. Dette er positivt for bebuarane.
    Mykje spørsmål om besøk frå pårørande og frå støttekontaktar. Støttekontakt føl same retningslinjer som pårørande.
    Bemanningssentralen – er ute att i dei vanlege stillingane sine, men held oversikt over fråvær m.m.
  • Oppvekst
    Skuleskyss – for knapp kapasitet på Kjørnes no (Kringom set ikkje inn større kapasitet – generell utfordring for mange kommunar). Ordføraren tek med seg dette til møte med fylkesordføraren på onsdag.
    Opningstid barnehage og SFO framover. Tek ei evaluering på styrarmøte i morgon.
     
  • Plan og samfunn
    Reinhald – prioritering.
  • Ordfører
    Ikkje noko nytt.
  • Kommunikasjonsrådgjevar
    17. mai – ein del arbeid med det.
    Aktivitetskalender på nettsida – kor tid skal me aktivisere den att? Kan ev. også legge inn digitale aktivitetar.
  • Rådmann
    Offentlege toalett skal vere opne, det må me få ordna.

Neste møte tysdag om ei veke.