Deltakarar:
Rådmann Ellen Lillesvangstu Njøs, ordførar Arnstein Menes, Kommuneoverlege Leiv Erik Husabø, Kommunalsjef helse og omsorg Åslaug Brænde, konst. kommunalsjef Stab og støtte Reidun Hågvar, Kommunalsjef Ole Gunnar Krakhellen, Kommunalsjef tekniske tenesteleiar Arne Abrahamsen, konst. personalsjef Dagrunn Røysum, kommunikasjonsrådgjevar Mariann, Skau Aina Thomasen, CIM/logg-ansvarleg Maj Britt Brendstuen, og leiar innbyggartorg Anja Hamre
 
Status forskrifter, vedtak m.m. 
  • Unntak for plan- og byggelov
  • Informasjon knytt til landbruk og avløysarar på nettsida
  • Ikkje aktuelt å permitere tilsette i kommunen
  • Pensjonnistar tapar ikkje pensjon når dei går ut i arbeid for å bistå i situasjonen me no står i
Status ulike ansvarsområde
Kommuneoverlege
  • Alle 21 testane som vart tekne måndag er negative. Testar framleis helsepersonell.
  • Drøfting i Helse Førde (utskrivingsklare pasientar som t.d. ikkje kan vere heime aleine). Helse utarbeidar plan for dette
Plan og samfunn
  • Heimebesøk, utarbeida rutine for heimebesøk utført av kommunalt tilsette
  • Dagsturhyttene er stengt inntil vidare - Informasjon på nettsida
Ordførar
  • Har vore i kontakt med Røde kors - har vore ute på ein del av daglegvarebutikkane. 
  • Politiet
    • Har fokus med å følge opp ungdomar som samlast.
    • Det er ikkje store problem med hyttegjester 
  • Tilbakemelding frå KS om at kommunane må føre oversikt over ekstra utgifter og inntektstap
Helse og omsorg
  • Tal på personar i omsorg som er i karantene er gått ned
Rådmann
  • Det er laga kode i rekneskapet for ekstra utgifter i samband med pandemi - informasjon ut til tilsette vert utarbeida og lagt på heimesida under «for tilsette»
  • Informasjonstab er sett. Fordelt oppgåver på ein god måte. 
  • Joakim og Arnstein lagar informasjonsfilm retta mot næringslivet
  • Ein del spørsmål knytt til betalingsfrist på eigedomsskatt og kommunale avgifter - legge ut informasjon om å kunne søke om usetjing/fritak