Deltakarar
Ellen Njøs Lillesvangstu, Arne Abrahamsen, Leiv Erik Husabø, Ole Gunnar Krakhellen,  Anja Hamre, Reidun Hågvar, Maj Britt Brendstuen, Mariann Skau, Dagrun Røysum og informasjonsstaben
 
Standardsaker
  • Staus forskrifter, vedtekter m.m.
    Ikkje noko nytt sidan sist
Status ulike ansvarsområde
  • Smittevern/kommuneoverlege
    Rundt 40 er testa, alle negative.
    Ingen nye smitta dei siste ni dagane. 
    Kommuneoverlege og kommunalsjef helse og omsorg har sett på alternativ for plassering av koronapasientar som ikkje skal vere på sjukehus.  
    Vert teke avgjerd innan fredag. 
  • Helse og omsorg
    Intervju av Sogn avis, dialog med avisa for justering av sitat. 
  • Oppvekst
    Ikkje store endringar i situasjon
    Rektormøte i dag 13.30
    • Aktuelle lærarar skal ha direkte kontakte med kvar enkelt elev (frå 6. klasse) og føresette i lægre klassetrinn
    • Status, i tråd med bestilling, er rapportert til fylkesmannen i dag
    • IKT har samla ressursar for oppvekst på nettsida, gjennom dette har alle lærarar tilgang til like ressursar
  • Plan og samfunn
    Ikkje spesielle utfordringar i dag.
    Har bedt om ein grundig statusrapport frå tenestene før møtet i morgon.
    Parkering for helsetilsette – i prosess. Truleg framlegg til avgjerd fredag. 
    Hygiene og reinhald – Overføring av organisatorisk ansvar frå Helse- og omsorg til Plan- og samfunn. Må følgjast opp vidare.
    Næringsliv og bedrifter – Vil arbeide vidare med tiltak saman med ordførar og rådmann jf ulike spørsmål knytt til bl.a. økonomi. 
  • Ordfører
    Har hatt kontakt med: 
    • Røde Kors – Tilbyr sin kompetansen, stiller så snart kommunen bestiller.  
    • Politi – Har fokus på sårbare familiar og barn – Ynskjer staus frå barnevern. 
      Ynskje om tett samarbeid med kommunen.
      Vore i kontakt med russen, som planlegg alternativ russefeiring

Det er varsla politisk møte i neste veke – orienteringssaker og delegasjon frå kommunestyret til formannskapet?

  • Rådmann
    Spørsmål frå næringsliv og andre om økonomi. 
    Bruke dei vanlege kanalane. Dvs. er du permittert, er det NAV som er kontaktpunkt. Så lenge ikkje noko anna blir bestemt, er det dei vanlege kanalane som skal nyttast.
    Paraply for bemanningskoordinering
Einskildsaker
 
1.Søndagsopne butikkar
Reglane står slik som dei har vore, det er altså ikkje høve til å opne opp heile butikkarealet for dei søndagsopne butikkane per tid.
Konklusjon:
Det vert lagt ut informasjon på nettsida.
Ansvar for oppfølging: 
Arne og Mariann
 
2. Prioritert abonnement
Tidligere Balestrand kommune hadde dette abonnementet. 
Særleg aktuelt om det er stor pågang på nettet.
Konklusjon:
Det vert tinga prioritert abonnement for kriseleiing. Kommunalsjef lagar oversikt over kven andre som skal ha det.
Ansvar for oppfølging: 
Arne og kommunalsjefar
 
3. Erfaring frå Koronatelefonen
Går fint førebels. Dei har hatt litt telefonar, men det har ikkje vore kjempetravelt.
Er blitt delt av mange på sosiale media.
Greie spørsmål – greit å svare – mykje spørsmål om karantene. 
Skal telefonnummeret annonserast det på via media?
Konklusjon:
Vi tingar ikkje annonse på dette no. 
Det vart oppmoda om at alle deler på Facebook
 
4. Informasjonsarbeid
Har fått i gang godt arbeid med intern informasjon på nettsida.
Arne etterlyser info om NAV, med gode lenker til ulike ordningar. Mariann legg ut etter kvart, dette står på lista.
 
5. Sårbare familiar og barn
Konklusjon:
Ole Gunnar tek kontakt med Furuheim, slik at politiet får informasjon frå kommunen.
Ansvar for oppfølging:
Ole Gunnar
 
6. Spørsmål frå næringsliv og andre om økonomi.
Konklusjon:
Det vert kalla inn til eit møte onsdag for å drøfte dette  med aktuelle partar. 
Ansvar for oppfølging:
Arne
 
7. Paraply felles bemanningskoordinering.
Konklusjon:
Ellen føl opp og snakkar med Dagrun.
Ansvar for oppfølging:
Ellen