Deltakarar
Rådmann Ellen Njøs Lillesvangstu, ordførar Arnstein Menes, kommuneoverlege Leiv Erik Husabø, kommunalsjef helse og omsorg Åslaug Brænde, konst. kommunalsjef Stab og støtte Reidun Hågvar, kommunalsjef oppvekst Ole Gunnar Krakhellen, kommunalsjef plan og samfunn Arne Abrahamsen, konst. personalsjef Dagrunn Røysum, kommunikasjonsrådgjevar Mariann Skau, Aina Thomasen, CIM/logg-ansvarleg Maj Britt Brendstuen og leiar innbyggartorg Anja Hamre
 
Standardsaker
  • Staus forskrifter, vedtekter m.m.
    Nytt om forskrifta om hyttebesøk. Dersom du ikkje overnattar, kan du besøkje hytta.
    Betalingsfritak i barnehage og SFO gjeld alle i denne perioden, uavhengig av om dei har tilbod eller ikkje.
Status ulike ansvarsområde
  • Smittevern/kommuneoverlege
    Har 2 smitta pr. i dag
    10-20 prøvar kvar dag – ikkje nye smitta til i dag
  • Helse og omsorg
    Har dagleg møter med einings-/avdelingsleiarar.
    Går bra ute i tenestene. Fleire tilsette er komne att frå karantene.
    Balestrand, Leikanger og Sogndal har alle løyst bemanninga for helga.
    Mykje kreativitet i tenesta i høve til pårørande, og tilsette er på tilbodsida i høve til å stille opp.
    Har fokus på smitteavgrensing – særskilt på dei som har tilsettingsforhold i andre jobbar som t.d. butikk. 
  • Oppvekst
    Barne- og familiedept. (BUFDIR) har komme med prioriterte oppgåver for barnevernet som me føl opp lokalt
  • Plan og samfunn
    Er i ein fase der ting fell på plass på nytt nivå.
    Ting går bra på alle områder.
    Har får rapport frå NAV – Publikumsmottak er stengde, og tenestene fungerer mot brukarar.
    Det fungerer går fint med heime kontor for dei som har det
     
  • Ordførar
    Gode tilbakemeldingar frå møtet med fylkesmann i går.
    Er i dialog med kommunane rundt oss.
  • Rådmann
    Situasjonen vi er i no vil vere det normale ei stund. Det er dette som er kvardagen no. Få til gode planar for korleis vi skal handtere situasjonen framover.
    Skal ha ekstraordinært møte med hovudtillitsvalde og hovudverneombod. Viktig å ha god dialog med dei. 
Einskildsaker
 
1. Kriseleiinga framover
Konklusjon
Nytt møte i kriseleiinga måndag 22.03.2020, kl. 12.00