Deltakarar
Rådmann Ellen Njøs Lillesvangstu, ordførar Arnstein Menes, kommuneoverlege Leiv Erik Husabø, kommunalsjef helse og omsorg Åslaug Brænde, kommunalsjef plan og samfunn Arne Abrahamsen, konst. personalsjef Dagrunn Røysum, kommunikasjonsrådgjevar Mariann Skau, Aina Thomasen, CIM/logg-ansvarleg Maj Britt Brendstuen og leiar innbyggartorg Anja Hamre, Informasjonstab (lyttepost), HTV og hovudverneombod (lyttepost)
 
Eksterne 
Røde kors v/ Knut Henning Grepstad og politiet v/ Jorunn Furuheim
 
Status nasjonale føringar
Ny rettleiar for smittevern for 1. - 7.trinn, samt ungdomsskule og vidaregåande skule. Undervisning skal gjennomførast i grupper på maks 15 elevar i 1.-7. trinn.
Endring av testkriterium. Tilsette, barn og elevar i opne barnehagar og skular kan bli testa ved sjukdom.
 
Status eigen organisasjon 
  • Smittevern/kommuneoverlege
    Ikkje nye smitta sidan 21. mars. 
    Opning av skitrekk har gått bra.
    Diskusjon rundt campingplassar – ventar på nasjonale retningslinjer. Ordførar melder at det er ynskje om felles regionale retningslinjer.
    Landbruk – ventar på retningslinjer frå Arbeidstilsyn og Mattilsynet for m.a.  overnattingsstader for sesongarbeidarar.
  • Helse og omsorg
    Spørsmål frå frisør og fotpleiar om dei kan tilby sine tenester på sjukeheimane. Det vert ikkje opna for det enno. 
    Fysio- og ergoterapeut startar opp tenestene att, føl nasjonale retningsliner for smittevern.
     
  • Oppvekst
    Barnehagane opna måndag 20. april. Mange har nytta seg av tilbodet. Innskrenka opningstid den første veka, men det vert gitt utvida tilbod til dei som har samfunnskritiske oppgåver. Opningstidene vil bli evaluert etter den første veka. 
    Skulane opnar for 1.-4. trinn neste veke med grupper på inntil 15 elevar. Kvåle skule vert også nytta for å sikra at ein føl dei nye retningslinene. Reinhaldarar har delteke i møte med skule og barnehage i forhold til rutinar ved hyppigare reinhald.
    Helsestasjon skal gå tilbake til normal drift tenesta. Det vil sei at koronatelefonen ikkje kan driftast på same måte som til no frå måndag 24.04. Prøver å finna ei løysing. 
  • Plan og samfunn
    Reinhald har samarbeid med barnehage og skule.
    17. mai-komiteane har nytt møte om alternativ feiring 30.04.
    NAV har klart det største trykket. Tal arbeidsledige har gått opp. 
    Tenesta går ellers bra.
  • Ordfører
    Ikkje noko nytt
  • Kommunikasjonsrådgjevar
    Fin reportasje frå fysioterapitenesta.
    Skal sende møte i formannskapet på nettsida via streaming.
  • Rådmann
    Spørsmål kring for tilsette når det er redusert opningstider i barnehagar og skular, og dei tilsette ikkje kan ha heile arbeidsdagar. Spørsmåla er sendt til arbeidsrettsleg gruppe.
    Minner om at sjølv om samfunnet no opnar opp att, så må alle hugse retningslinene kring smittevern.
 
Runde med dei som er invitert inn eksternt:
  • Røde kors
    ​Har vanleg heimevakt. Er budd om det det skal oppstå noko.
  • Politiet
    Hytteforbodet er oppheva – regjeringa anbefaler ikkje å reise på hytta. Det er då ikkje mogleg for politiet å sanksjonere og kan dermed ikkje gjere noko om det vert spørsmål kring dette.
    Sogndal lensmannskontor opnar delvis frå i morgon. Opent for dei som har avtalar med politiet (utlendingsforvaltning, pass, melding og avhøyr). Det vert stengt dør med instruksjonar og oppmerkingar når ein kjem inn. 
    Dei fleste har framleis heimekontorløysningar.