Deltakarar
Rådmann Ellen Njøs Lillesvangstu, ordførar Arnstein Menes, kommuneoverlege Leiv Erik Husabø, kommunalsjef helse og omsorg Åslaug Brænde, konst. kommunalsjef Stab og støtte Reidun Hågvar, kommunalsjef plan og samfunn Arne Abrahamsen, konst. personalsjef Dagrunn Røysum, kommunikasjonsrådgjevar Mariann Skau, Aina Thomasen, CIM/logg-ansvarleg Maj Britt Brendstuen og leiar innbyggartorg Anja Hamre
 
Standardsaker
  • Staus forskrifter, vedtekter m.m.
    Lokal forskrift om karantene er oppheva. 
Status ulike ansvarsområde
  • Smittevern-/kommuneoverlege
    2 nye har fått påvist smitte, kjelde for smitte er identifisert. 
    Har teke ca. 50 prøvar.
    Ingen påvist smitte i institusjon eller blant tilsette så langt
  • Helse og omsorg
    Yngre som tek på seg ekstravakter er komne att til bygdene og er ute av karantene. Har bra med tilsette på jobb.
    Jobbar med respons på ulike scenario, til dømes:
    • kva gjer me om ein helsemedarbeidar vert smitta?  
    • kva gjer me om bebuar i institusjon blir smitta?
Tilsette i helse og omsorg har samfunnskritiske funksjon, dei må difor møta til avtalt arbeid. Med andre ord kan dei til dømes ikkje passe barn heime medan ektefelle er på jobb.
 
  • Oppvekst
    Fungerer fint. Skal hatt møte tysdag og fredag med rektorar og med tenesteleiarar fredag. 
     
  • Plan og samfunn
    Roleg helg
    Drifta er stabilisert – det fungera bra med heimekontor.
    NAV funger bra no, men ser at det kan vera behov for auka bemanning.
    Oppfølging av reinhald i samarbeid med smittevernlege/ kommuneoverlege
  • Rådmann
    Førebur presentasjon til formannskapet  - viktig at ein ser på risikobiletet framover og korleis me riggar oss for dette, bemanningsparaplyen og kartlegging.
    Viktig å bruke dei nettverka vi har i forhold til samarbeid intert og eksternt. 
     
  • Personalsjef
    Har kartlagt eksternt og internt, nesten ferdig. Jobbar no med korleis dette kan nyttast i praksis for å sikre forutsigbar bemannning framover. Kallar inn til eige oppfølgingsmøte for å avtale vidare struktur og framdrift. 
  • Kommunikasjonsrådgjevar
    Formannskapsmøte – korleis gjere dette tilgjengeleg for folk. Dette vert handtert av politisk sekretær og ordførar i samarbeid med IT.