Deltakarar
Kommunalsjef Ole Gunnar Krakhellen, Ordførar Arnstein Menes, kommuneoverlege Leiv Erik Husabø, kommunalsjef helse og omsorg Åslaug Brænde, kommunalsjef plan og samfunn Arne Abrahamsen, konst. personalsjef Dagrunn Røysum, leiar Dokumentsenter Reidun Hågvar, kommunikasjonsrådgjevar Mariann Skau, 
Aina Thomasen, CIM/logg-ansvarleg Maj Britt Brendstuen og leiar innbyggartorg 
Anja Hamre, Informasjonstab (lyttepost), HTV og hovudverneombod (lyttepost)
 
Status nasjonale føringar
Kulturskulane kan starte opp frå neste veke.
 
Status eigen organisasjon 
  • Smittevern/kommuneoverlege
    Ingen nye smitta sidan 21.04.2020.
    FHI har ny risikovurdering – sterke restriksjonar i samfunnet blir etter kvart sleppt opp, legg vekt på god hand- og hostehygiene, testing av nærkontaktar, avstand, sjuke skal vere heime.
    Notat om prioritering – Helsedirektoratet er uroa for dårlegare helsetilbod ved reduserte helsetenester. Har merka nedgang i tal som tek kontakt med fastlege ol. 
  • Helse og omsorg
    Har byrja sjå på løysingar for at pårørande som er friske kan få besøke friske bebuarar. 
  • Oppvekst
    Fokus på opning av skule, samt evaluering av opning i barnhagane.
    Barnehage melder at det har gått bra med løysingane som er valde med mellom anna å vere mykje ute. Mange nyttar seg av barnehagetilbodet, frå litt over halvparten til nesten alle.
    Utfordring med bemanning med mange små grupper. Held difor på 7 timars opningstid også i neste veke. 
    Det kome inn spørsmål om det er lovleg å ha redusert opningstid i barnehage, oppvekst har sjekka og dette er lovleg. 
    Skule og SFO opnar måndag. SFO har redusert opningstid – 08.00 15.30. Har tilbod i barnehage for føresette med samfunnskritiske funksjonar.
  • Plan og samfunn
    Kulturskule kan opne i løpet av neste veke. 
    Tilpassing i forhold til reinhald og smittevern til skular og barnehagar.
  • Ordfører
    Møte med ordførar i Vestland fylke. Fokus på kollektivtransport i samband med opning av skulane og tiltak for næringslivet. Campingplassar og opning av reiselivsnæringa.
  • Kommunikasjonsrådgjevar
    Har fått bilde og tekst frå opning av barnehagane som skal leggast på nettsida.
    Informasjon om opning av skule skal ut i dag.
    Informasjon om kulturskule og opning kjem neste veke.
 
Møter framover
Neste møte er tysdag 28. april der eksterne er inviterte