Deltakarar
Rådmann Ellen Njøs Lillesvangstu, ordførar Arnstein Menes, kommuneoverlege Leiv Erik Husabø, kommunalsjef helse og omsorg Åslaug Brænde, konst. kommunalsjef Stab og støtte Reidun Hågvar, kommunalsjef plan og samfunn Arne Abrahamsen, konst. personalsjef Dagrunn Røysum, kommunikasjonsrådgjevar Mariann Skau, Aina Thomasen, CIM/logg-ansvarleg Maj Britt Brendstuen og leiar innbyggartorg Anja Hamre
 
Standardsaker
  • Staus forskrifter, vedtekter m.m. 
    Det er pressekonferanse frå regjeringa kl. 16.00., her vil det koma svar på vidare handtering av Korona-viruset.

Status ulike ansvarsområde

  • Smittevern-/kommuneoverlege
    Det er 4 stk. som er smitta totalt, ingen nye i dag. Ikkje mange vert testa no.
    Er uroa for dei andre pasientane våre, folk som ikkje får den behandlinga og dei medisinane dei har behov for. Folk utset å ta kontakt med lege, ynskjer ikkje å gå på legekontoret, ynskjer ikkje besøk, står over kontrollar – kan få konsekvensar.
     
  • Helse og omsorg
    Staus er den same i dag som i går
    Planlegging av korttids- og langtidsavdelingar, at ikkje alle sjukeheimane i kommunen har alle tilboda.
  • Oppvekst
    Staus er lik som tidlegare - rektormøte seinare i dag for oppdatering frå skulane.
    Ventar på pressemelding seinare i dag frå sentralt hald i høve til vidare status på stenging av skule og barnehage.
    Det er sendt ut skriv til føresette med informasjon om korleis dei kan ta vare på eiga og barna si fysiske og psykisk helse – skrivet er i tillegg laga på arabisk og engelsk, er tinga på fleire språk.
     
  • Plan og samfunn
    Stabilisert drift, førebels ingen store utfordringar knytt til Korona-viruset
    Nav riggar når det gjeld økonomisk sosialhjelp. Introduksjon for flyktningar og aktivitetsplikt for dagpeng er stoppa, set kreftene inn på økonomisk sosialhjelp.
    Mykje spørsmål i høve til næringslivet og ulike støtteordningar. Vert jobba mykje med dette no.
  • Ordfører
    Møte med fylkesordførar: 
    Kollektivtransport – kutta skuleruter og gått over til sommarruter nokre stadar, har sett opp betre kapasitet t.d. på ruter til sjukehusa for få betre plass i bussane.
    Fylkeskommunale tannklinikkar er stengde.
    Politiske møter føl møteplanen, men vil føregå digitalt.
    Næringsliv – har meldt inn sak om verkemidlar – sak i fylkestinget

    Møte med fylkesmannen:
    I høve ny hytteforskrift er det ikkje mogleg for kommunane å lage eigne lokale forskrifter
 
  • Rådmann
    Møte i formannskapet: 
    Positive tilbakemeldingar på arbeidet som er gjort i kommunen så langt.
    Viktig å forsetje det gode arbeidet som er gjort.