Deltakarar
Rådmann Ellen Njøs Lillesvangstu, ordførar Arnstein Menes, kommuneoverlege Leiv Erik Husabø, kommunalsjef helse og omsorg Åslaug Brænde, konst. kommunalsjef Stab og støtte Reidun Hågvar, kommunalsjef plan og samfunn Arne Abrahamsen, konst. personalsjef Dagrunn Røysum, kommunikasjonsrådgjevar Mariann Skau, Aina Thomasen, CIM/logg-ansvarleg Maj Britt Brendstuen og leiar innbyggartorg Anja Hamre
 
Standardsaker
Punkt som krev oppfølging vert teke opp under Ymse, og vert eigne saker.
  • Staus forskrifter, vedtekter m.m. 
    Forlenging av alle tiltaka som vart sett i verk 13. april
    Frå 27.03 skal ein ikkje samlast meir enn 5 stk. ute, på arbeidsplassen bør ein i tillegg halde to meters avstand
 
Status ulike ansvarsområde
  • Smittevern/kommuneoverlege
    Ingen nye registrert med smitte 
  • Helse og omsorg
    Retningslinjer frå folkehelseinstituttet, folk i risikogrupper skal helst ikkje jobbe i direkte kontakt med smitte.
     
  • Oppvekst
    Hadde rektormøte i går, meldingane frå dei er at det går fint.
    Idrettsbane-/ar er stengd, jf. retningsliner
  • Plan og samfunn
    Ingenting nytt
  • Ordfører
    Har vore i kontakt med Raude Kors som ynskjer avklaring i høve til beredskap i påsken. Ordførar planlegg møte med eksterne ressursar, inkludert Raude Kors i løpet av veka.
  • Rådmann
    Har hatt møte med dei tillitsvalde. Tilbakemeldingane er positive til arbeidet som blir gjort, og tillitsvalde melder at dei er godt ivaretekne. Hovudtillitsvalde har spelt inn konkrete forslag til korleis dei kan verte enda meir involvert, til dømes ved deltaking på einingane sin leiarmøter. Rådmann er samd i at dette kan vera lurt gitt situasjonen me står i.