Deltakarar
Ordførar Arnstein Menes, kommuneoverlege Leiv Erik Husabø, konst. personalsjef Dagrunn Røysum, kommunikasjonsrådgjevar Mariann Skau, CIM/logg-ansvarleg Maj Britt Brendstuen, Informasjonstab (lyttepost), HTV og hovudverneombod (lyttepost)
 
Status nasjonale føringar
15. juni – signal om endring på kor store grupper som kan treffast.
 
Status eigen organisasjon 
  • Smittevern/kommuneoverlege
    Ingen nye smitta – sjuke barn som ikkje får gå i barnehagen vert testa.
    Det er ulik praksis i barnehagane i forhold til tolking av sjukdom og om høve til å vere i barnehagen.
    Tek testar jamt og trutt. Har kapasitet til testing.
    Helse har vanleg drift no.
    Korona tlf. vert drifta vidare gjennom sommaren.
    Kor mange som kan kome i karantene av helsepersonell er avgjerande for vidare tiltak.
  • Helse og omsorg
    Ikkje noko nytt å rapportere
  • Oppvekst
    Ikkje noko spesielt nytt.
    Held på med kartlegging av konsekvensar av å utvida opningstid i barnehage og skule.
    Skuleskyss – fylkeskommunen har opprette eiga rute på Kjørnes og ein ekstra buss på Barnsnes.
    Oppvekst er blitt plukka ut av Fylkesmannen til å svare på spørsmål frå UDIR. Dette er spørsmål knytt til smittevernlegen si rolle i samband med tiltak innanfor skule og barnehage –frist for å svare er i morgon, 27.05.20. 
    Eit tema i møtet i dag var kødanning utanfor Meetpoint – omtrent 100 stk. som stod tett i kø. Kommunen kan føre tilsyn om reglane om ikkje vert følgt.
    Kringsjå leirskule- kan ha aktivitet frå juni – 3 veker med leirskule.
  • Plan og samfunn
    Ikkje noko nytt.
  • Ordfører
    Opprop frå reisenæringslivet– konsekvens av korona. Kan få norske turistar, men dette dekker berre 20 % av normal drift. 
    Kostand i samband med skuleskyss – fylkeskommunen har ikkje fått auka løyvingar. Situasjonen i Sogndal kommune er førebels løyst.
  • Kommunikasjonsrådgjevar
    Ikkje noko spesielt nytt no.
    Ny informasjon om foreldrebetaling barnehage og SFO, ev. ny informasjon om opningstider.
  • Rådmann
    Heimekontor vert vurdert på eit seinare høve i leiargruppa.