Deltakarar
Rådmann Ellen Njøs Lillesvangstu, ordførar Arnstein Menes, kommuneoverlege Leiv Erik Husabø, kommunalsjef helse og omsorg Åslaug Brænde, konst., kommunalsjef plan og samfunn Arne Abrahamsen, konst. personalsjef Dagrunn Røysum, kommunikasjonsrådgjevar Mariann Skau, Aina Thomasen, CIM/logg-ansvarleg Maj Britt Brendstuen og leiar innbyggartorg Anja Hamre, Informasjonstab (lyttepost)
 
Eksterne 
Sivilforsvaret v/ Stein Morten Rønningen og Ingrid Elde, Røde kors v/ Knut Henning Grepstad, Heimevernet v/ Bård Lilleng, Politikontakt Jorunn Furuheim, Vik kommune v/ordførar (lyttepost)
 
Status nasjonale føringar
Ikkje noko nytt
 
Status eigen organisasjon 
  • Smittevern/kommuneoverlege
    Ingen nye registrert med smitte, ingen frå Sogndal kommune på sjukehus
    Har teke ca. 100 negative testar
  • Helse og omsorg
    Ikkje noko nytt i dag
  • Oppvekst
    Vurdere fortløpande i høve til samfunnskritisk funksjonar og bemanning i barnehage og skule
  • Plan og samfunn
    Jobbar med å få på plass Digisos 
    Implementering av overtaking av reinhald på SHOS
  • Ordfører
    Har vore i kontakt med ordførar i kommunane i Sogn med referanse til brev frå Helse Førde om samarbeid mellom kommunane
  • Kommunikasjonsrådgjevar
    Sak om innspel frå næringsliv er på veg ut.
    Har lagt ut informasjon om nye nasjonale føringar om avgrensing av sosial kontakt
 
Runde med dei som er invitert inn eksternt:
  • Røde kors
    Er stille og og roleg og ikkje stor aktivitet no.
    Dugnad mot einsemd –kartlegg brukarar av tidlegare aktivitetar.
    Ring ein ven – er under etablering - fordeler medlemane slik at alle skal få ein ringevenn (både i Balestrand, Leikanger og Sogndal)
    Røde kors står klar til å hjelpa om kommunen får behov for det
  • Politiet
    Føl opp smittevernlova – Tek kontakt med personar frå andre kommunar som er på hyttene i kommunen.
    Har normal beredskap – har ingen i karantene 
  • Heimevernet
    Står klare til i bistå samfunnet.
    Kan stille med mannskap på kort varsel.
  • Sivilforsvaret
    Lik line som heimevernet.
    Seier dei er tilgjengelege for å bistå kommunen og samfunnet elles 24/7.
    Skal støtte politi og brannvesen, Skogbrann og leiteaksjonar m.m.
 
Eksterne vert invitert til nytt møte med kriseleiinga neste torsdag.