Deltakarar
Rådmann Ellen Njøs Lillesvangstu, ordførar Arnstein Menes, kommuneoverlege Leiv Erik Husabø, kommunalsjef helse og omsorg Åslaug Brænde, konst. kommunalsjef Stab og støtte Reidun Hågvar, kommunalsjef plan og samfunn Arne Abrahamsen, konst. personalsjef Dagrunn Røysum, kommunikasjonsrådgjevar Mariann Skau, Aina Thomasen, CIM/logg-ansvarleg Maj Britt Brendstuen og leiar innbyggartorg Anja Hamre
 
Standardsaker
Staus forskrifter, vedtekter m.m. 
Næringslivet får «kontantstøtte», ordninga er ikkje konkretisert, men bedrifter vil få dekka deler av dei faste utgiftene sine.
Skriftleg eksamen for grunnskule og vidaregåande skular er avlyst for grunnskule og vidaregåande skular.
 
Status ulike ansvarsområde
  • Smittevern/kommuneoverlege
    Ingen nye smitta.
     
  • Helse og omsorg
    Ikkje noko nytt, har fokus på drift og bemanning.
    Har få tilsette som framleis er i karantene.
     
  • Oppvekst
    Har faste møte med leiarane (rektorar og styrarar).
    Positive tilbakemeldingar frå føresette kring oppfølginga dei får frå skule og barnehage.
    Har eit særskilt fokus på barn med spesielle behov og tilbod.
  • Plan og samfunn
    Ikkje noko nytt, jobbar med dagleg drift og bemanning i tilfelle sjukdom.
  • Ordførar
    Politikarar ynskjer informasjon på feire språk – Infostab jobbar med dette.
  • Kommunikasjonsrådgjevar
    Jobbar med fleire saker som skal ut.
    Ser på løysing for opptak av politiske møter.
  • Rådmann
    Møte med hovudtillitsvalde og hovudverneombod – mykje ros, men melder også om at folk er litt engstelege.
    Informasjonsflyt og planlegging går bra, ikkje store endringar.
    Har hatt dialog med rådmennene i Sogn om samarbeid på tvers av kommunane.
  • Stab støtte
    Digital samhandling mellom arkiv og NAV
Neste møte vert førstkommande måndag.
I neste veke vil det vera møte måndag, onsdag og fredag dersom det ikkje skjer noko særskilt som tilseier hyppigare møteverksemd.