Deltakarar
Rådmann Ellen Njøs Lillesvangstu, ordførar Arnstein Menes, kommuneoverlege Leiv Erik Husabø, kommunalsjef helse og omsorg Åslaug Brænde, kommunalsjef plan og samfunn Arne Abrahamsen, konst. personalsjef Dagrunn Røysum, kommunikasjonsrådgjevar Mariann Skau, Aina Thomasen, CIM/logg-ansvarleg 
Maj Britt Brendstuen og leiar innbyggartorg Anja Hamre, Informasjonstab (lyttepost), HTV og hovudverneombod (lyttepost)
 
Eksterne 
Sivilforsvaret v/ Stein Morten Rønningen og Røde kors v/ Knut Henning Grepstad  
 
Status nasjonale føringar
Det er lempa litt på krav om bruk av heimekontor. Det er per tid ingen forskrifter, men smittefaren aukar ved tal tilsette på ein arbeidsstad. Kommunen oppmodar framleis om at dei som kan ha heimekontor har det. Det er ikkje problem med einskilde som ynskjer å vere på kontoret, dette gjerast etter avtale.
 
Status eigen organisasjon 
  • Smittevern/kommuneoverlege
    Ingen nye smitta. På vestlandet er lite smitte.
    Det er kome rundskriv 17. april med oversikt over forskrifter og rundskriv + rådgjevingar. Viktig å skilje mellom kva som er forbod og kva som er anbefalingar.
  • Helse og omsorg
    Ikkje noko nytt
  • Oppvekst
    1.- 4. trinn starta måndag 27. april. Tilbakemelding at det har gått greitt.
    Kjem informasjon i veke 20 om opne resten av skulane. 
  • Plan og samfunn
    Kulturskulen begynner med redusert opplæring frå måndag. Sogndal kulturhus vert opplæringsplass.
     
  • Ordfører
    Ikkje noko nytt
  • Kommunikasjonsrådgjevar
    Kulturskule – informasjon skal ut på nettsida. Samarbeid med Jon.
    Pressemelding om 8. mai markering skal sendast ut.
     
  • Rådmann
 
Runde med dei som er invitert inn eksternt
  • Røde kors
    Er i normal beredskap.
    Opplever ynskje om meir omsorg – er på vent til ein får klarsignal.
    Pårørande er nøgde med 10. min besøk på veranda
  • Sivilforsvaret
    Held seg oppdatert på internt smittevern i samband med samtidige hendingar som kan oppstå og fokus på vedlikehald av utstyr m.m., og bur seg til ev. skogbrannar som kan kome. Er tilgjengeleg om det er bruk for det hjå kommunen. 
 
Møter framover
Neste møte tysdag  5. mai med eksterne inviterte