Deltakarar
Rådmann Ellen Njøs Lillesvangstu, ordførar Arnstein Menes, kommuneoverlege Leiv Erik Husabø, kommunalsjef helse og oms. Åslaug Brænde, kommunalsjef plan og samfunn Arne Abrahamsen, kommunikasjonsrådgjevar Mariann Skau, Aina Thomassen, CIM/logg-ansvarleg Maj Britt Brendstuen og leiar innbyggartorg Anja Hamre, Informasjonstab (lyttepost), HTV og hovudverneombod (lyttepost)
 
Eksterne 
Røde kors v/ Knut Henning Grepstad og Politi v/ Jorunn Furuheim og Sivilforsvaret v/ Stein Moten Rønningen 
 
Status nasjonale føringar
Frå 7. mai vert det lov med arrangement på offentleg stad for inntil 50 personar. Dette krev at ein kan overhalda kravet om å halda 1 meter avstand, samt at ein har ein ansvarleg arrangør og fører namneliste på deltakarane. 
Arrangement over 500 er forbode fram til september.
 
Status eigen organisasjon 
  • Smittevern/kommuneoverlege
    Ingen nye smitta. Lite smitte i gamle Sogn og fjordane fylke.
    Planlegg detaljert kva ein gjer dersom det vert smitte på institusjon. 
    På veg tilbake til normal drift innanfor helsetenestene.
    Fylkesmannen er med på diskusjonar med helsetenestene rundt gruppetiltak for bebuarar i institusjon. Enkelte grupper lir under at dei er mykje aleine.
    Kjem mykje spørsmål kring kva folk kan få lov til. Gir ikkje dispensasjon lokalt, gir råd. 
    Ser på løysingar kring testing og nye retningsliner for testing. Skal ikkje teste friske innbyggjarar. 
  • Helse og omsorg
    Ikkje noko nytt. Vi held oss til nasjonale råd. 
    Har byrja å sjå på dagtilbod i små grupper og administrering av desse.
     
  • Oppvekst
    Ikkje noko nytt, ventar på plan for vidare opning av skulane. Det er kome innspel om at prioritering vert at avgangselevar kan starte opp att først ved ei eventuell vidare opning.
    Er sårbare på sjukdom innanfor barnehage og skule pga. tiltak og bemanning når det gjeld smittevern.
    Vil framleis halde fast på opningstida i barnehage og SFO.
    Arbeidar med å planlegge nytt skuleår.
  • Plan og samfunn
    Ikkje noko nytt.
    Framleis ekstra fokus på reinhald og smittevern.
    Med opning for offentlege arrangement med inntil 50 personar, ser ein på korleis ein kan arrangere kulturarrangement og praktisere smittevern-tiltak.
  • Ordfører
    Ikkje noko nytt. Digitalt kommunestyre torsdag 7. mai.
  • Kommunikasjonsrådgjevar
    Tek vidare info på kulturfeltet – arrangement og innspelet frå Røde kors om presisering av retningslinene. 
    Jobbar med ein artikkel om informasjon om testing i Sogndal kommune.
  • Rådmann
    Me føl dei nasjonale råda og me føl dei generelle smittevern-tiltaka.
    Held på møte i kriseleiing på tysdagar (med eksterne) og fredagar.
 
Runde med dei som er invitert inn eksternt
  • Røde kors
    Er roleg. Ikkje noko spesielle hendingar.
    Har vanleg heimevakt. 
    Ønskjer å starte med omsorgsoppgåvene sine.
  • Politiet
    Ikkje så mykje nytt kring korona.
    Opent etter avtale mellom 09.00 og 14.00 på politistasjonen.
    Er spente til russarrengement, men opplever så langt eit godt samarbeid med russen og vidaregåande skule. 
    Får ein del spørsmål kring regelen for 50 personar som kan samlast.
    Har for tida fokus på problematikken kring snøskooter-køyring i Sogndalsdalen. 
    Samarbeidsavtale mellom kommune – politi, politirådsavtalen
  • Sivilforsvaret
    Ikkje noko nytt.
    Førebur seg til bistå med logistikk i samband ev. auke i testkapasitet rundt om i landet.
 
Neste møte
Fredag 08.05 kl.12.00
Tysdag 12.05. kl. 12.00 med eksternt inviterte