Deltakarar
Rådmann Ellen Njøs Lillesvangstu, kommuneoverlege Leiv Erik Husabø, kommunalsjef helse og oms. Åslaug Brænde, kommunalsjef plan og samfunn Arne Abrahamsen, kommunikasjonsrådgjevar Mariann Skau, Aina Thomassen, CIM/logg-ansvarleg Maj Britt Brendstuen og leiar innbyggartorg Anja Hamre, Informasjonstab (lyttepost), HTV og hovudverneombod (lyttepost)
 
Status nasjonale føringar
1 meter avstand gjeld framleis.
Karanteneplikt endra frå 14 til 10 dagar.
48 timar før ved spørsmål om nærkontakt med smitta (tidlegare 24 timar).
Auka frå 5 til 20 personar som kan vere i lag dersom ein kan ivareta smittevernlegane.
Inntil 50 personar på offentleg arrangement der det er nokon som er ansvarleg arrangør.
Heimekontor vert opp til arbeidsgjevar så lenge ein har nok plass og tilsette ikkje treng å reise med offentleg transport.
Skulane skal opne i løpet av neste veke. Redigerte smittevernrettleiarar for skule og barnehage, som lettar opp litt, til dømes opning for litt større grupper og lokale vurderingar.
 
Status eigen organisasjon 
  • Smittevern/kommuneoverlege
    Ingen nye smitta.
    Mykje spørsmål kring regelverk. Held seg oppdatert på kva som er påbod og kva som er anbefalingar?
    Det er ikkje eigne kommunale retningslinjer.
  • Helse og omsorg
    Ikkje nok nytt.
  • Oppvekst
    Skule skal starte opp i løpet av neste veke.
    Revidert smittevern-plan for skule og barnehage.
    Vil bli sendt eit informasjonsskriv til alle foreldre.
    Ynskjer så små grupper som mogleg. Vil vere mykje ute.
    Grenser på 1 meter må overhaldast i alle situasjonar.
    • Fjordtun oppvekstsenter er i drift.
    • Sagatun skule startar opp 1.-10. klasse frå måndag
    • Leikanger barneskule og ungdomsskule startar måndag
    • Norane oppvekstsenter startar opp måndag
    • Fjærland oppvekstsenter startar opp måndag
    • Kaupanger skule skal starte opp puljevis med nokre trinn måndag og utvidar tysdag og onsdag.
    • Trudvang skule flytter frå lokala dei har nytta på Kvåle skule på måndag. 4. trinn er på Trudvang frå tysdag. Er førebels utan klasserom for 5. trinn. Er i kontakt med andre institusjonar om undervisningsrom. Forhåpentlegvis klart på tysdag. 
    • Kvåle skule opnar 10. trinn måndag, 6 - 7. trinn tysdag, og 8.-9. trinn onsdag  – skal kombinere med heimeundervisning nokre dagar i veka.

Skuleskyss er ei utfordring, men ein er i kontakt med fylkeskommunen.
God stemning på skule. Praktisk utfordring med å finne arbeidsstasjonar til lærarane med tanke på avstand. Vert ikkje store samlingar for tilsette på skulane grunna 1-metersregelen.
Det vert utarbeidd informasjon som skulane sender føresette.
Sogn Opplæringssenter kan starte opp. Påbode for dei som får tilbod om grunnskuleopplæring, men ikkje for dei andre. Nokre utfordringar knytt til tal toalett og reinhald på kulturhuset. 
Litt meir fleksibilitet i barnehagane med nye retningslinjer. Held fram med dei opningstider vi har hatt fram til no.

  • Plan og samfunn
    Halde kontakt med sektorane oppvekst og omsorg med tanke på reinhald. Reinhald må utførast slik situasjonen krev. 
    Bibliotek drøftar opningsdato.
    Kulturskulen har starta opp med opplæring av nokre elevar på kulturhuset.
    Det vert jobba med eit digitalt program for å markera 17. mai. Detaljar kjem tysdag i neste veke.
  • Kommunikasjonsrådgjevar
    Lagt ut info på heimesida etter pressekonferansen i går.
    Kjem filmopptak frå 8. mai-markeringa.
    Informasjon om skule vert lagt ut når den er klar. 
    Tek kontakt med Leiv Erik for info om utanlandsk arbeidskraft i landbruket og campingplassar.
    Informasjon om barnehage og SFO – vidareføringar av opningstider m.m. 
    Lage ei sak kring vedtak frå kommunestyret 07.05.20.
  • Rådmann
    Minne alle om at alle som har ekstra utgifter må førast på rett divspes. Viktig å holde styr på utgiftene.
Neste møte
Tysdag 12.05. kl. 12.00 med eksternt inviterte.