Dette skjer som førebuing til formannskapsmøte 25. august. Føremålet er å få brei politisk semje om korleis prosessen skal sjå ut slik at alle kommunen sine interesser blir ivaretekne. Ordføraren ønskjer også å betra samarbeidet på tvers av dei politiske skillelinjene, og diskutera korleis Sogndal kan påverka saker på regionalt og nasjonalt nivå. 

- Målsetjinga er å forbetra det politiske klimaet og få god dialog mellom alle partia i kommunestyret, fortel ordførar Arnstein Menes. 

Møte byrjar med frukost kl. 08.00, og sjølve møtet startar kl. 08.30 på Leikanger Fjordhotel. Møtet skal etter planen vera slutt kl. 10.30.

Saksliste: 

Sak 1. Opning av møte og registrering av frammøtte

Sak 2. Prosess for tilsetjing av ny kommunedirektør

Sak 3. Samarbeid mellom ordførar og dei ulike politiske partia i Sogndal kommune

Sak 4. Aktuelle saker for påverknad på regionalt og nasjonalt nivå:

  • Vidaregåande opplæring
  • Samferdsle
  • Regionalt samarbeid

Sak 5. Ymse