Onsdag 23. september inviterte Utdanningsforbundet i samarbeid med Sogndal kommune til eit informasjons- og debattmøte med tema framtidig skulestruktur i Sogndal sentrum.
Skuleåret 22/23 vil det truleg vera fire parallellklassar på Trudvang. Sogndal kommunestyre har i økonomiplan 2020–2023 sagt at det må startast ein planprosess for å lande korleis dette bør løysast. I rådmannen sitt framlegg til investeringsplan for 2021 er det sett av midlar til å gjennomføre denne planprosessen.
"Dette møtet er tenkt som eit oppspel til planprosessen, der vi ser på kva ynskjer og moglegheiter som ligg i utviklinga av skulane i sentrum i møte med elevtalsveksten. Møtet tek ikkje sikte på å fatte konklusjonar, men snarare peike på kva idear vi bør ha med oss i utgreiings- og planprosessen", heitte det i invitasjonen.
Viss du har innspel til kva som kan vektleggast, kan du sende innspel til Sogndal kommune på postmottak@sogndal.kommune.no.
Møtet vart sendt direkte på nett-TV i samarbeid med Kent Fimreite i Hallo Sogn. Møtet kan du sjå i opptak i videoruta under: