Velkomen til Møteplass, for helsefremjande samtale mellom pårørande og fagfolk!

 

Vi vil med dette invitere pårørande til å delta på Møteplass i Sogndal. Som pårørande til ein person som slit med psykisk sjukdom og/eller rusmiddelutfordringar så har du mykje kunnskap og erfaringar som andre pårørande og fagfolk kan lære av. Vi håper du vil dele dine erfaringar med oss.  

 

Plakat for Møteplass i Sogndal (PDF)

Kva er Møteplass?

Møteplass er ein likeverdig og gjensidig møte- og læringsarena for pårørande og fagfolk, der pårørande kan fortelje om sine opplevingar og dele av sine erfaringar. På den måten bidreg dei til at tenestene vert betre, både for den som er sjuk og dei pårørande.  

 

Møteplass vert arrangert av Møteplassteamet som består av fagfolk frå Indre Sogn psykiatrisenter og Sogndal kommune saman med representantar frå fylkeslaget av Landsforeningen for Pårørende innen Psykisk helse, LPP. 

Kven kan kome på Møteplass?

Møteplass er for alle vaksne som er berørte av at ein person har utfordringar knytt til psykisk helse og/eller rusmiddelutfordringar. Det kan vere vaksne born av den sjuke, ektefelle/sambuar/partnar, sysken, foreldre, besteforeldre eller andre omsorgspersonar, vener, naboar og andre. 

 

Møteplass er og for fagpersonar som gjennom arbeidet sitt er involverte i pasienten/brukaren, eller i vedkomande si familie/nettverk. Fagpersonane kan arbeide som behandlarar eller miljøterapeutar ved psykiatrisenteret eller i kommunane, men det kan og vere lærarar, helsesjukepleiar eller andre med arbeid som inneber kontakt med pasienten/brukaren og/eller dei pårørande. 

Kva er hensikta med Møteplass?

Ved at pårørande fortel om eigne opplevingar og erfaringar får hjelpeapparatet tilgong til unik kunnskap om den krevjande situasjonen det er å vere pårørande. Pårørande sjølve er dei som best kan formidle denne kunnskapen. Meir og betre kunnskap kan bidra til små og store endringar i tenestetilbodet, til beste både for pasient/brukar og pårørande. 

 

På Møteplass vert pårørande og fagfolk betre kjende med kvarandre sine utfordringar og dilemma, noko som kan betre samarbeidet. Tilbakemelding frå fagfolk som har delteke på Møteplass er at dei har fått ei heilt anna forståing for utfordringa pårørande står i gjennom samtalane der. Pårørande opplever at det å få fortelje om eigen situasjon og erfaringar til fagfolk, utan at det skal journalførast i pasienten/brukaren sin journal, er ei stor lette. Mange opplever at det er positivt å møte andre i liknande situasjon som dei sjølve, og pårørande opplever å få støtte og forståing på Møteplass. 

Kva skjer på Møteplass?

17.30 - 18.00 Enkel servering og uformell prat 

18.00 - 18.10 Informasjon om Møteplass og presentasjon 

18.10 - 18.20 Kort innlegg av ein pårørande og ein fagperson om dagens tema  

18.20 - 19.15 Samtale   

19.15 - 19.30 Pause med enkel servering og uformell prat 

19.30 - 20.20 Samtalen held fram 

20.20 - 20.30 Oppsummering og avslutning 

Program

Onsdag 16.10.2024 kl. 17.30-20.30. Tema «Heilskaplege tenester, til det beste for alle».
Stad: Sogndal bibliotek, Sogndal kulturhus

Onsdag 20.11.2014 kl. 17:30-20:30. Tema «Høgtid og ferie, korleis få til ein god høgtid for alle?».
Stad blir oppdatert etterkvart.

Onsdag 5.2.2025 kl 17:30-20:30. Kjem tilbake med tema og stad.

Påmelding og spørsmål på SMS eller telefon til Helen Kronstad i psykisk helseteneste, Sogndal kommune på tlf. 45 87 97 27 eller LPP-kontakt Astrid Gytri på tlf. 90 13 89 82.

Målgruppe: alle vaksne som er påverka av at ein person har livsutfordringar knytt til psykisk helse/rusmiddelbruk.

Velkomen!

Møteplassteama er ansvarleg for arrangementa og deltek på møta. Tilbodet er gratis.