Kommunestyret vedtok i sak 86/21 - Framtidige skuleløysingar for Sogndal kommune at det skal gjennomførast ein moglegheitsstudie for ein eventuell 1-10 skule i Leikanger.

Kommunen gjennomførte ein tilbodskonkurranse der Norconsult fekk oppdraget med å greie ut korleis ein kombinert barne- og ungdomsskule for 350 elevar kan plasserast på dagens barneskuleområde på Leikanger. Norconsult fekk også som tilleggsoppdrag å sjå på moglegheit for eit oppvekstsenter på same område, med 1-7 barneskule med plass til 250 elevar og barnehage med plass til 72 barn.

I samband med utarbeiding av moglegheitsstudiane har det vore dialogmøte med tilsette ved begge skulane, Nybø barnehage, foreldreutvala (FAU) ved skulane og Nybø barnehage og elevmedverknad gjennom elevråda ved skulane. I tillegg er det halde møte med lag og organisasjonar i Leikanger – organisert via paraplyorganisasjonen Opplev Leikanger. Areal- og funksjonar i programma er drøfta med idrettskonsulenten, rektor i kulturskulen og biblioteksjef.

Norconsult presenterte resultata frå moglegheitsstudien for arbeidsgruppa i slutten av desember og har no levert endeleg versjon av rapportane.

Kommunedirektøren legg fram begge rapportane. Kommunestyret skal handsame rapportane som del av budsjett- og økonomisaka for 2024 og ta avgjerd om korleis skulane på Leikanger skal utviklast vidare.

Rapportane:

Moglegheitsstudie 1-10 skule (PDF)

Moglegheitsstudie oppvekstsenter (PDF)