- Sogndal kommune er med på dette fordi det er eit godt initiativ som me ønsker kan realiserast. Det er også til tider varer kommunen kan omsetja slik at andre kan nytta dei heller enn å senda til renovasjon, fortel Rickard Sundell, tenesteleiar for bygg og eigedom i Sogndal kommune.
Så langt er Sogn Elektro, Tharaso, Fretland bygg, Reco og Sogndal kommune med i prosjektet, med Sirkla som prosjektleiar. Prosjektet er i startgropa og vil gjerne ha med fleire medlemmar og bedrifter frå byggjenæringa.
Sundell meiner det er viktig at kommunen er med og tek ansvar og bidreg til at ei slik løysing kjem på plass og blir tilgjengeleg.
- Me har forplikta oss til å bidra med leige i ein prøveperiode og trur eigentleg at løysinga er betre eigna for andre aktørar, men me ynskjer å bidra inntil nytte og bruk er stor nok at løysinga ber seg sjølv. Meir ombruk av materialar og varer er godt for alle og for kloden vår. Dette er eit lite steg i riktig retning og gjer lokalt ombruk både enklare og meir tilgjengeleg, seier han.
Etableringa er eit resultat av Kunnskapsparken Vestland sitt prosjekt «Grøn omstilling i byggenæringa», finansiert av Vestland Fylkeskommune. Butikkløysinga har dei fått frå Sirken i Trondheim, som vart starta i 2020 med ein idé om å leggja til rette for enkel ombruk i bygg- og anleggsbransjen.
Slik handlar du
Sirken har utvikla ei nettside der du kan sjekka tilgjengelege varer i butikken på Kaupanger. Du reserverer vara, legg inn betalingsinfo og får ein PIN-kode for å komma deg inn. Når du kjem til butikken, kan du sjekka ut vara. Står den ikkje til forventningane, kan du kansellera reservasjonen og ingen pengar blir trekt. Ønsker du vara, godtek du kjøpet og beløpet vil bli trekt i løpet av 48 timar.
Les meir på nettsida til Sirkla: Sjølvbetjent «Sirken-shop» på Kaupanger (sirklaressurs.no)