Kommunestyret vedtok før påske å leggja om tilskotsordningane. Søknadsskjema er klare, og du kan no søkja på følgjande ordningar:
-
Driftstilskot til lag og organisasjonar for barn og unge, søknadsfrist 30. april 2024
-
Prosjekttilskot, løpande søknadsfrist
-
Fritidskasse, løpande søknadsfrist
-
Fast avtale om driftstilskot, søknadsfrist 1. juni 2024
Tilskotsordningane er lagde om for å betra rammene for drifta til lag og organisasjonar, prioritera barn og unge, møta behova til økonomisk vanskelegstilte barn og ungdom og fremja prosjekt som bidreg til nyskaping og utvikling i lokalsamfunna.
Spesielt om Driftstilskot til lag og organisasjonar retta mot barn og unge
Alle frivillige lag og organisasjonar som har faste fritidsaktivitetar retta mot barn og unge mellom 6 – 26 år kan søkje om driftstilskot. Alle søkarar som oppfyller kriteria for ordninga får tilskot.
Spesielt om Fast avtale om driftstilskot
Ordninga Fast avtale om driftstilskot kan søkast på av arrangørar, kulturinstitusjonar, lag og organisasjonar som tilbyr viktige opplevingar og fellesgode i bygdene til innbyggjarar og tilreisande. Desse søknadane vert politisk handsama, og utbetaling av desse tilskota vil skje først frå og med 2025.