Sogndal kommune er nominert saman med Tysvær kommune og Flatanger kommune, i kategorien kommunar med færre enn 15.000 innbyggarar.
- Godt samspel
- Å bli nominert til ei slik utmerking er utruleg kjekt. Gjennom godt samspel, politisk og administrativt, har me laga ein samfunnsplan og strategisk plan for samfunns- og næringsutvikling som sakte, men sikkert gjev resultat. Fyrst og fremst får me dette til gjennom eit aktivt og engasjert næringsliv, som heile tida utfordrar oss og som inspirerer oss til nye tankar og idear for framtida, seier ordførar Arnstein Menes.
- For heile regionen
Agnar Holen, styreleiar i Sogn Næring, seier dei er stolte av å vera del av laget til ein offensiv og framtidsretta kommune.
- Nominasjonen syner at langsiktig arbeid både på strategisk nivå og i felten ber frukter. Saman har me no etablert ein utviklingskapasitet som kan bidra for heile regionen der det er ønskje om det. Framover skal me jobba målretta saman med partnerskapet vårt for å bygga Sogn som ein felles bu- og arbeidsmarknad, støtta utviklingsaktivitet i enkeltbedriftene og bidra til at næringslivet vårt står godt rusta i det grøne skiftet, seier Holen.
Eit førebilete
I grunngjevinga for nominasjonen står det følgjande om Sogndal kommune:
«Kommunen er et nav i et virkemiddelapparat som inkluderer nabokommunene. Utviklingsarbeid er solid forankret i politisk ledelse og godt administrativt bemannet. Videre har kommunen utmerket seg for sitt arbeid med aktiv inkludering i arbeidslivet. Sogndal har utviklet et gryende nærings- og samfunnsliv som tiltrekker seg høyt utdannede i alder 20-40. Dette er et av få unntak fra trenden som peker mot befolkningsnedgang og demografiske skjevheter utenfor de store bysentrene. Kommunen er således et forbilde og til inspirasjon for distriktskommuner som jobber for nye, moderne arbeidsplasser.»
NHO (Næringslivets Hovedorganisasjon) og KS (kommunesektorens organisasjon) har nominert til saman seks kommunar i to kategoriar i kåringa av årets vertskapskommune for næringsutvikling. I kategorien kommunar med fleire enn 15.000 innbyggarar, er Kongsvinger, Kinn og Rana dei nominerte.
Vinnarane vil bli offentleggjorde 1. februar, under Kommunalpolitisk Toppmøte 2022.