Då er du velkommen til norskkurs på B2-nivå organisert av Sogn regionråd og Sogndal opplæringssenter for innvandrarar busett i kommunane Aurland, Høyanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal. Kurset har avgrensa tal plassar, så meld deg på så raskt som mogleg!
- Kurset er nettbasert, intensivt med rask progresjon og legg opp til at du skriv tekstar og gjer oppgåver heime.
- 3 timar i gruppe ein ettermiddag/kveld per veke – 42 timar totalt
- Gruppeundervisning på Teams, eventuelt nokre samlingar på Sogndal opplæringssenter viss det er ønskeleg
- 3 timar individuell rettleiing – individuell avtale med kvar deltakar
- Pris kr 900,-
- Læremiddel: NorskPluss B2 er inkludert
- Norskprøven kr 1600,- er ikkje inkludert
- Kurset er finansiert av Sogn regionråd gjennom prosjektet Sogn for alle