Brannstasjonen flyttar no inn i ombygde lokale i Riverdalen, som kommunen leiger av Arne Hildeskår. Dei nye lokala ligg like ved den gamle brannstasjonen.
Den nye brannstasjonen oppfyller alle krav frå Arbeidstilsynet, med klare skilje mellom skiten og rein sone, og eigne garderobar for menn og for kvinner.
- Det står att litt møblering og så skal me setja inn ei ny vaskemaskin tilpassa høge hygienekrav, før stasjonen er komplett. Dette vonar me er på plass i løpet av januar, fortel prosjektleiar Eirik Rygg i Sogndal kommune.
Han takkar alle som har bidrege med å få på plass løysinga raskt og effektivt, og satsar på ei skikkeleg opning når koronasituasjonen tillet det.