Krisepakke 2 gjeld for perioden 12. mars til og med 31. august 2020.  
Søkjarane må vera registrerte i Frivilligregisteret.  

Søknadsfristen er 15. september.  

Det kan søkjast om:  

  • Tapte inntekter frå arrangement som skulle vore arrangerte i perioden (for eksempel tapte billettinntekter, parkeringsinntekter, inntekter frå loppemarked eller kioskinntekter).  
    Arrangement vil seia tidsavgrensa aktivitetar som er opne for alle medlemmane, besøkande, publikum og andre deltakarar i målgruppa.  
  • Tapte billettinntekter frå anna spesifisert aktivitet i perioden (for eksempel museum, akvarium, kinoar eller idrettsanlegg). 
    Anna spesifisert aktivitet vil seie tilbod i regi av frivillige verksemder som skulle vore opne for besøkande i den gjeldande perioden.  
  • Tapte utleigeinntekter i perioden (utleige av bygningar, anlegg, hytter, båtar og andre rom og lokale).  
  • Tapte inntekter som følgje av at organisasjonen har mista oppdrag i tilknyting til eit arrangement eller anna spesifisert aktivitet.  

Les meir på Lotteri- og stiftelsestilsynet sine nettsider.  
(https://lottstift.no/ny-krisepakke-for-frivilligheita-2/