Norma er ei innstramming på krava knytt til planlegging, prosjektering og utføring av VA-anlegg som skal overtakast av kommunen, og har særbestemmelsar knytt til utforming av særskilte anlegg som avløpspumpestasjonar. Alle som skal utføre arbeid på vass- og avløpsanlegg for kommunen eller på anlegg som skal overtakast på kommunen, pliktar å sette seg inn i desse bestemmelsane.
«VA-norm Sogn 2022» vart vedteken i kommunestyret i Sogndal 27.06.2022. Den nye norma erstattar gjeldande «Kommunalteknisk VA-norm» for kommunane Balestrand, Høyanger, Leikanger, Luster og Sogndal frå 2014.
Det nye norma er utarbeidd i eit fellesprosjekt mellom kommunane Aurland, Høyanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal, administrert av Driftsassistansen Vest, og gjeld for alle dei sju kommunane.