- Me hadde ein flott opning av «nye» Kjørnes barnehage. Det var klipping av snor, tale, dikt og song. Små og store kosa seg etterpå med pølser og eplekake, som me selde til inntekt til Forut-barneaksjon. Alle ungane hadde òg laga kvart sitt glas med eplesyltetøy som foreldra fekk kjøpa, fortel Mette Johannessen, leiar i Kjørnes barnehage.
Bustadhuset som vart teke i bruk i 2018 for å auka kapasiteten i barnehagen mellombels, er bygd om. Her finn me avdelingane Knubben og Skuleholten, pauserom som alle dei 29 tilsette nyttar og personalgarderobar.
Barnehagen har fått universell tilkomst til alle avdelingane, stor flott sandkassa, ny sklie og huskestativ. Administrasjonsdelen er òg bygd ut, slik at det no er kontorplassar, toalett og møterom i same bygg som styrarkontoret.