Personen er isolert, og fire nærkontaktar er sette i karantene. Det vert framleis drive med smittesporing omkring tilfellet.
Smittevernlege Leiv Erik Husabø ber alle om å følgja smittevernråda.
- Hald god avstand, vask hendene og hald deg heime om du er sjuk. Det er viktig å følgja desse råda om du skal unngå å bli smitta eller bli rekna som nærkontakt til nokon som er smitta.