Måndag 14. oktober, klokka 19.00-21.00, arrangerte parkeringsgruppa for Sogndal tettstad møte på Qality Hotel Sogndal.

Parkeringsgruppa vart oppnemnd av kommunestyret i møte 13. juni 2024, og har slikt mandat:
«Sjå på den overordna parkeringssituasjonen i tettstaden Sogndal og utarbeida innspeldokument til parkeringsstrategi 2040. Parkeringsgruppa skal gjennomføra minst eit ope folkemøte.»
​Saksprotokoll frå kommunestyret 13.06 - parkeringsgruppe

I møtet presenterte parkeringsgruppa arbeidet som er gjort i gruppa so langt, og publikum fekk komma med innspel til ny parkeringsstrategi.

Gruppa har mellom anna føreslege nye areal for parkering og drøfta sentrumsutvikling. «Det hastar for Fjøra», seier fleire av medlemane i gruppa.

Møtet vart sendt direkte på nett-TV i samarbeid med Kent Fimreite i Hallo Sogn. Møtet kan du sjå i videoruta under: