Gjennom rutinemessige vassprøvar vart det påvist koliforme bakteriar i det kommunale drikkevatnet i dette området. Kommunen tilrådde difor koking av vatn til drikking og matlaging. Oppføgingsprøvane som er teke, er no reine, og kokevarselet kan difor opphevast.

Kommunen har sendt ut SMS-varsling til abonnentane som vart råka og takkar dei for tolmodet.