Kan me løysa bemanningsutfordringar ved sjukdom, permisjonar og vakansar på ein betre måte enn med mellombelse vikarar og bruk av vikarbyrå? I Sogndal kommunen meiner me svaret er ja, og me opprettar no ein bemanningssentral.
Stillingane er lyste ut
Bemanningssentralen vil vere ei eiga avdeling med både administrativt tilsette og tilsette som skal jobba i tenestene. Dei tilsette vil få tilbod om 100 prosent stilling og fast turnus – og opplæring på dei avdelingane dei skal jobba.
- Me startar opp med denne måten å jobba på i Leikanger heimeteneste og på Leikanger sjukeheim. Stillingane er lyste ut, og me er veldig spente på interessa. Frå andre kommunar som har oppretta bemanningssentral, er tilbakemeldinga at dei tilsette trivst godt med å jobba på denne måten. Her kan me tilby variert arbeidskvardag, moglegheit til å få ei brei arbeidserfaring - og mogelegheit til å vera med og etablera og påverka korleis bemanningssentralen i Sogndal kommune blir, seier Christie.
Sjå stillingsutlysing: Sogndal kommune Bemanningssentral - Sjukepleiarar/vernepleiarar/fagarbeidarar til bemanningssentral (easycruit.com)
Nye måtar å jobba på
Sogndal kommune har fleire prosjekt som skal rusta oss for utfordringane i helse- og omsorgssektoren i åra framover.
- Helse- og omsorgssektoren står framfor store utfordringar både nasjonalt og internasjonalt, med stadig fleire tenestemottakarar og stadig færre til å utøva tenestene. Om me skal klara å oppretthalda eit godt og forsvarleg tilbod, må me tenka annleis. Dette må me gjera samstundes som me tilbyr dei tilsette ein god, trygg og spanande arbeidsplass, seier Christie.
Sogn Avis har omtalt både prosjektet med bemanningssentral og det nasjonale prosjektet Tørn, som Sogndal kommune har søkt og vorte teke opp i. I dette prosjektet skal me jobba med nye måtar å organisera og jobba på i helse- og omsorgstenestene i kommunen.