Sist veke var det oppstartsmøte i prosjektgruppa som saman med Agenda Kaupang, skal sjå på helse- og omsorgstenestene i kommunen. Arbeidet skal føra fram til ein rapport som vart bestilt av kommunestyret i desember. Politikarane har bede om ein gjennomgang av tenestene innanfor sektor helse og omsorg slik det ser ut i dag, men òg innspel og føringar for korleis kommunen skal drifta tenestene innanfor helse og omsorg i framtida.

Møta framtida

- Bakgrunn for gjennomgangen av tenestene og prosjektet er at me må gjera grep i dag, om me skal klara å løysa framtidas utfordringar. Me må sjå på korleis me best kan organisera oss for å møta framtida. Det er ikkje lagt opp til at nokon skal mista jobben. Men me må jobba annleis enn i dag, fordi me i nær framtid får fleire eldre, færre hender og truleg mindre tilgang på helsepersonale, og sist, men ikkje minst går me over i det grøne skiftet, seier kommunalsjef Marit Reppen.​​​​​​​

Involvering

Det er sett ned ei prosjektgruppe, som skal ta ein gjennomgang av institusjon, heimetenester, bu- og miljøtenesta og vedtakskontoret. Prosjektgruppa består av tenesteleiarar frå desse tenestene, hovudtillitsvalde frå Fagforbundet og Norsk Sykepleierforbund, representant frå økonomiavdelinga og kommunalsjef og assisterande kommunalsjef for helse og omsorg.

I tillegg til arbeidet i prosjektgruppa, vil det mellom anna bli gjort intervju, oppretta referansegrupper og halde informasjonsmøte. Det vil bli lagt til rette for aktiv medverknad og involvering av leiarar, nøkkelpersonar og tilsette.

Politisk handsaming

På oppstartsmøtet måndag sist veke deltok Hege Askestad og Einar Stephan frå konsulentselskapet Agenda Kaupang, som kommunen har hyra inn til å leia prosjektet. Agenda Kaupang har lang erfaring med å bistå kommunar med slike prosjekt.

Prosjektmandatet skal opp i utval for levekår i februar, og rapporten skal vera ferdig til politisk handsaming i juni. Då skal dei ulike tiltaka vurderast.

Kommunalsjefen ser fram til eit godt samarbeid om prosjektet.

- Tilsette som har spørsmål og innspel, blir oppfordra om å melda dette til leiaren sin eller til prosjektgruppa, seier Reppen.