Deltakarar:
Rådmann Ellen Lillesvangstu Njøs, ordførar Arnstein Menes, Kommuneoverlege Leiv Erik Husabø, Kommunalsjef helse og omsorg Åslaug Brænde, konst. kommunalsjef Stab og støtte Reidun Hågvar, Kommunalsjef Ole Gunnar Krakhellen, Kommunalsjef tekniske tenesteleiar Arne Abrahamsen, konst. personalsjef Dagrunn Røysum, kommunikasjonsrådgjevar Mariann, Skau Aina Thomasen, CIM/logg-ansvarleg Maj Britt Brendstuen, og leiar innbyggartorg Anja Hamre
 
Gjennomføring av møte i kriseleiinga  - orientering
  • Fritidseigeeigedom - personar som ikkje tilhøyrer kommune blir oppmoda om å reise heim. Vi kan ikkje pålegge heimreise. Arnstein avklarar med politiet i høve ansvar.
Status på ulike ansvarsområde - orientering
 
Status frå kommuneoverlege 
  • 2 personar har fått påvist smitte, og ytterlegare 20 er teke prøve av.
  • Oppgåva no er å hjelpe dei som er alvorleg sjuke. Ikkje så mykje fokus på om det er Covid 19 eller andre ting. Holde helsetenesta rusta til å ta seg av dette.
  • Vurderer å utruste helsestasjonen til å setje opp ein koronatelefon for Sogndal kommune.
Kommunalsjef helse og omsorg 
  • Fortsett planlegging som før
Kommunikasjonsrådgjever 
  • Veldig bra respons på video og informasjon som er lagt ut på nettsida og Facebook
Oppvekst 
  • Har hatt statusoppdatering med skular og barnehagar via Skype
  • 22 barn i barnehage. 15-20 barn i skulen.
  • Har lånt ut mykje utstyr til heimane slik at borna kan gjera skulearbeid heime på ein god måte
  • Informasjon frå kommunepsykolog som skal leggast ut på nettsida
Ordførar 
  • Varaordførar sit no i karantene grunna deltaking på kurs der det i ettertid er påvist smitte på ein deltakar
Plan og samfunn
  • Overføre ansvar til reinhald til helse og omsorg
  • Styrkar stab for informasjon
  • Fokus på næringslivet
IKT
  • Tilsette som treng det har fått naudsynt utstyr til heimekontor
Personalområdet - orientering
  • Bruke fråvær-systemet som vi har i Visma og eige på turnus (Mi vakt) i lag med leiarar
  • Kontaktperson for hjelp til bruk er Bente Kristin Sæhl
  • Personalavdelinga lagar kodar som passar for nytt fråvær i høve situasjonen
  • Lagar informasjon på nettsida - kontaktperson med kontaktinformasjon
Informasjonsarbeid - orientering
  • Viktig å dele også dei positive historiene, korleis me no løyser oppgåvene i fellesskap
  • Følge beredskapsplan med å lage informasjonsstab - Mariann har ansvar. 
Rutinar for heimebesøk – status/fastsetjing
  • Avklaring av rutine, informasjon om iverksetjing (internt)
  • Smittevernlege har laga rutine som skal nyttast av tilsette. Vert sendt til Informasjonstaben når det er kvalitetssikra
  • Det er trong for smittevernutstyr for tilsette som t.d. tenesta einslege mindreårige. Nokon frå helse kan bistå med opplæring i høve dette. Melde behov til Åslaug Brende.
Fastsetjing av rutine eller retningsliner for reinhald og hygiene i bygg
  • Det er gått ut instruksar med reinhald på kontaktflater
  • Det må lagast rutinar/retningslinjer generelt for reinhaldarar og brukarar av bygg
  • Arne ser på dette i lag med Tone. Leiv Erik bidreg i høve til smittevern/helse. m.m. 
Rådmann
  • Har vore i kontakt med rådmann i Sunnfjord for å utveksle tips og erfaringar.
  • Tillitsvalde vil bli kalla inn til faste møter, første møte blir fredag førstkommande