Stortingsrepresentant, ordførarar, områdesjef, veteranar, kjære alle saman!

Dette er ein dag å feira! Eit land, ein nasjon, i fred i 75 år.
Dei som hugsar denne dagen, og ikkje berre har lese eller høyrt om den, vert færre. For 75 år sidan vakna Noreg til meldinga om at krigen endeleg var over. I fem år var Noreg okkupert av ei framand statsmakt, og tyske soldatar marsjerte i landet med våpen i hand. Mange mista livet, og mange levde år i fangeleirar. Det var fem år med redsle, avmakt, manglande ytringsfridom, matmangel og stengde skular. 

Difor er det viktigare enn nokon gong å markera frigjeringsdagen. 8. mai 1945 vil alltid stå som ein gledens dag i vår historie.

Dette er òg veterandagen, difor er me samla her i dag saman med representantar frå HV og Veteranforeininga.

Me er samla for å heidra og minnast våre krigsheltar, som kjempa og ofra livet i innsats for fedrelandet, Kongen og det norske flagg.
 
Freden er ikkje sjølvsagt. Det er den ikkje i dag, og det var den ikkje for 75 år sidan. Bak jubelbruset i maidagane 1945 låg alvoret i det det norske folk hadde opplevd og lært; Fred, fridom og demokrati er ikkje noko me kan ta for gitt. 

Me bur i dag i eit sjølvstendig land, med ytringsfridom, rikeleg med ressursar, og ein vel fungerande rettsstat og eit levande demokrati. Det må me vita å verdsetja, det er ikkje sjølvsagt!

Men menneske er og på flukt i dag. Mange uskuldige menneske oppleve krig og konflikt i sitt nærområde. Kvar dag opplever nokon å mista sine næraste, å mista sin fridom. Me kjempar i dag kampen mot Korona gjennom å halda avstand, men me står samla. Kanskje set dagens situasjon og dei siste vekene nettopp frigjeringsdagen i eit nytt lys, no etter at vi alle har fått ein ørliten smakebit av kva fridomsinnskrenking kan kjennast som. Ein liten flik av ei murrande usikkerheit rundt kva framtida bringer, og ei påminning om at fridom til å gjera som me vil, ikkje er ei sjølvfølge. For landet vårt er likevel krisa i dag monaleg mindre enn den det norske folk opplevde i 1940. Men den gongen stod ein òg samla, heldt avstand til det dei frykta og trudde på betre tider.

I 2010 bestemde regjeringa at frigjeringsdagen òg skal vera veterandagen, ein merkedag for veteranar frå andre verdskrigen, dei som har tenestegjort i FN-styrkar og andre internasjonale operasjonar.

Det er ikkje for alle å forlata det trygge for å hjelpa andre. Å tenkja på fellesskapet framfor å tenkja på seg sjølv. Over 100 000 norske kvinner og menn har likevel delteke i over 100 ulike internasjonale operasjonar dei seinaste 40 åra. Anerkjenning for det ein har vore med på betyr mykje, og interesse frå folk ein har rundt seg er viktig. For enkelte kan overgangen til ein kvardag i fredelege Noreg vera stor. Desse 100 000 sit att med sterke minne, og for mange er opplevingane og tankane vanskelege å bera med seg vidare.
 
Eg var som sivilt tilsett i Forsvaret sjølv i Kosovo eit par veker tidleg på 2000-talet, og fekk oppleva korleis soldatar og befal hadde det i si teneste der. Pristina var nok ikkje verste plassen å delta i internasjonale operasjonar, men kvar og ein førebudde seg grundig, utan heilt å vita kva dei faktisk gjekk til. Me skal ha stor respekt for dei som har reist inn i det ukjende på denne måten, med fare for å ofra eige liv i teneste for fellesskapet. Det er desse menneska, og deira innsats for å sikra vår felles fridom me heidrar her i dag.

Kva har me so framfor oss, kva held oss saman og gjev oss tru på framtida? Det norske samfunnet baserer seg i stor grad på tillit. Tillit til at lovgjevande, utøvande og dømmande makt vil det beste for oss alle. Tillit mellom medmenneske, tillit til helsevesenet, tillit til dei som tek vare på ungane våre i barnehage og skule. Om ein ikkje alltid er samd med dei som styrer samfunnet, so har me fridom til å meina, tru og elska, utan frykt for liva våre. Slik må det vera, og slik ynskjer me det skal det vera i framtida. Men me treng dagar som i dag til å minna oss alle om historia, om det som skjedde, og kvifor det skjedde. Dei gamle treng det, me vaksne treng det, og borna våre treng det. Alvoret ligg der og ventar, men me skal stå samla for landet, for fridomen, for demokratiet og for freden.

Til lukke med dagen!