Ordføraren tok imot ungane i barnehagen etter kvart som dei kom frå klokka 07.15.
- Det var ein fin morgon på Norane oppvekstsenter. Alle ungane var på plass i barnehagen, og ungane på skulen var på veg til Hodlekve på skidag, fortel Menes.
Tysdag 10. mars er årets barnehagedag, og då passa det ekstra godt at ordføraren starta dagen i ein av barnehagane i kommunen. Tema for årets barnehagedag er «ulike saman», som betyr at det skal vera rom og plass til alle born uansett funksjonsnvå, kjønn, sosial, etnisk og kulturell bakgrunn.
- Dette er eit svært viktig tema. Dei tilsette i barnehagane gjer ei viktig oppgåve når dei arbeider for å alle born skal føla at dei høyrer til og er inkluderte i barnehagefellesskapet, seier Menes.