Kva gjeld vakta for?
Den overordna tekniske vakta omfattar alle ansvarsområde under Teknisk drift i Sogndal kommune, mellom anna:
- Vatn og avløp (VA)
- Bygg og eigedom
- Veg og park
Vakta har ei koordinerande rolle, og skal vere eitt kontaktpunkt som tek imot henvendingar og vurderer vidare oppfølging.
Når blir vakta brukt?
Vakta gjeld:
- Førespurnadar for det som gjeld teknisk drift i kommunen
- Utanfor normal arbeidstid
- For heile Sogndal kommune sitt geografiske område
Ved ei hending vil vakta vurdere:
- Om det er behov for å setje i verk tiltak straks
- Eller om saka kan vente til næraste verkedag
Føremålet med ordninga
Målet med overordna teknisk vakt er å:
- Sikre ei tydeleg og enkel kontaktløysing
- Gi betre koordinering ved hendingar utanfor arbeidstid
- Avlaste tilsette frå direkte henvendingar
![vakttelefon-1[1]](https://img5.custompublish.com/getfile.php/5477276.2665.mkippakupqbjmu/553x0/6739348_5477276.png)