Tre ungdommar på talarstolen i kommunestyret.
Isa, Cecilie og Sigrid fortalde om elevbedrifta og kva inntektene skal gå til.

9. klassingane ved Leikanger ungdomsskule har elevbedrifter, og Sigrid, Isa og Cecilie ville baka og spreia juleglede. 12. desember møtte dei opp i kommunestyremøtet med julebrød og gløgg til politikarane.

Inntektene frå elevbedriftene går til skuletur i 10. klasse, der dei mellom anna skal besøka konsentrasjonsleirar i Tyskland og Utøya.