Pelle fekk prisen tildelt under Riksteateret sitt årlege arrangørseminar i hovudstaden. 

- Det var totalt uventa å få ein so gjev pris. Det er veldig rørande å bli sett slik pris på, seier prisvinnaren sjølv i ein kommentar. 

Det er svært stor stas for Sogndal kulturhus at vi har Pelle i staben, og det er tydeleg at innsatsen hans vert lagt merke til og sett stor pris på i bransjen.