Sidan juni har tre arkitektteam jobba med kvar sine forslag til utviklinga av Billagstomti i Sogndal sentrum.
Einarsen Eigedom og Clemens Eiendom inviterer tysdag 9. januar til utstilling av plansjar og fysiske modellar for publikum på Quality Hotel Sogndal.
Her kan innbyggarane få delta på sluttseminaret når arkitektane no presenterer sine visjonar og forslag tysdag 9. januar frå klokka 17 til 20. Utstillinga opnar klokka 15.