Det fylkeskommunale treningsbassenget på Fosshaugane treng rehablilitering. Jan Tore Rosenlund, utbyggingssjef i Vestland fylkeskommune, presenterte ulike alternativa for politikarane:
- Rehabilitera eksisterande treningsbasseng ( eventuelt med hev/senk-funksjon).
- Rehabilitera eksisterande treningsbasseng og bygga nytt opplæringsbasseng.
- Driva vidare som i dag med kontrollrutinar, det vil seia styrt avvikling mot stenging.
Rosenlund informerte at dei to første alternativa har som føresetnad at kommunen bidreg.
Formannskapet ber kommunedirektøren førebu ei sak til møtet 16. mai med ei samla tilråding der alternativa framlagde frå fylkeskommunen vert vurderte.
Jan Tore Rosenlund i Vestland fylkeskommune presenterte bassengalternativa for formannskapet. (Foto: Mariann Skau)
Slik vil bygget sjå ut etter ei oppgradering av eksisterande treningsbassenget. Ved bygging av eit opplæringsbasseng i tillegg, må det også byggjast eit tilbygg. (Illustrasjon: Arkitetkontoret A38)
Sjå opptak av møtet i formannskapet 25. april på Norane oppvekstsenter