Laurdag 31. august vart SognaPride arrangert i Sogndal for å markera mangfald, fri kjærleik og toleranse for at alle har rett til å vera den ein er.

Over 20 lag og verksemder hadde meldt seg på årets parade, som gjekk frå Campus, gjennom Gravensteinsgata til kommunehuset. Ved kommunehuset var det appellar og kulturelle innslag. Fleire hadde også rigga seg med stand framfor kommunehuset under arrangementet.