Møtet blir halde på Quality Hotel Sogndal og startar klokka 09.
Programmet for møtet blir slik:
Kl. 09.00 - 09.15: Innleiing v/ordførar Arnstein Menes
Kl. 09.15 - 09.45: Kommunen som arbeidsgjevar
- Samskaping gjennom trepartssamarbeidet
- Korleis vera ein god arbeidsgjevar?
- Omdømme – eit grunnlag for god rekruttering
Kl. 09.45 - 10.00: Dialog om arbeidsgjevarpolitikken
Kl. 10.00 - 10.10: Pause
Kl. 10.10 - 10.20: Sogndal 2050 - Minecraft: Education Edition og spelbasert læring i Sogndalsskulen
Kl. 10.20 - 11.00: Kva påverkar kommunen framover – utviklingstrekk frå samfunnsplanen
Kl. 11.00 - 11.10: Pause
Kl. 11.10 - 12.00: Dialog rundt framtidsbilete. Korleis ser dette ut frå ein politisk ståstad?
Kl. 12.00-12.30: Lønsj
Kl. 12.30.14.30: Sektorane tek utgangspunkt i framtidsbilete. Kva ulike scenario kan ein sjå føre seg for sektoren og korleis vil dette påverka drift, utviklingsbehov og investering?
- Oppvekst
- Helse og omsorg
- Plan og samfunn
Kl. 14.30-14.40: Pause
Kl. 14.40-15.00: Oppsummering i plenum
Etter dialogmøtet, blir det møte i formannskapet (onsdag klokka 15.10). Torsdag 6. mai er det møte i kommunestyret. Møtet blir halde på Fylkeshuset og startar klokka 09.