Difor arrangerer Rask psykisk helsehjelp vårt Introkurs i kognitiv åtferdsterapi på kveldstid slik at dei av dykk som er opptekne på dagtid kan få moglegheit til å delta. Her lærer du å bli kjend med vanane dine, signala kroppen din gir deg, og korleis du kan forholda deg til tankar og følelsar i kvardagen på ein meir venleg, nyttig og realistisk måte. Målet med kurset er å gje kunnskap og verktøy som førar til at ein tek tidlegare grep for å motverke nedstemtheit, stress, uro, grubling og bekymring.
Mange av dei som tek kontakt med oss opplev kurset som ein god start og ofte tilstrekkeleg hjelp til å få det betre med seg sjølv og dei rundt seg.
Kurshaldarar er Maria Kalstad Brun og Heidi Marie Bygstad Gjesdal.
Har du spørsmål eller ynskjer å drøfte om dette kan vere noko for deg så ta gjerne kontakt med oss på tlf. Eller meld deg på via søknadsskjemaet vårt på Rask psykisk helsehjelp - SOGNDAL KOMMUNE
Rask psykisk helsehjelp er eit gratis korttidstilbod til alle over 16 år som ynskjer hjelp med lettare former for angst, depresjon, rusproblem og søvnvanskar. Hjå oss kan du få hjelp til å endra tankemønster og åtferd som skapar vanskar for deg i kvardagen.