Rein Sognefjord er ein dugnad der me skal rydda så mykje marin forsøpling me kan på ein dag. Bak aksjonen står Framtidshavet, ei stifting som jobbar for å ta vare på havet.

Dei to siste åra har dei arrangert Rein Hardangerfjord, og i år står Sognefjorden for tur.

Vil du vera med og bidra?

Meld deg som aksjonsleiar eller avfallstransportør i dette skjemaet: https://forms.office.com/e/wA7e5RkFSr

Meir informasjon om dei ulike rollane i aksjonen finn du på nettsida til Framtidshavet: Roller og oppgaver — Framtidshavet

Må skular og barnehagar registrera seg med aksjonsleiarar?

Ja. Det er viktig at me har ein kontaktperson.

Får ryddelaga tildelt eit område?

Nei, alle ryddelag vel sitt eige område. De kjenner lokalmiljøet best.

Må ein rydda ved vatnet?

Nei, alle kan rydda der dei vil. Det går fint an å rydda rundt skulen, rundt kontoret eller utanfor nærbutikken. 

Må ein halda på heile dagen?

Nei, kvart ryddelag held på så lenge eller så kort dei vil. Det viktigaste er at alle ryddar slik det passar for dei, og registrerer aksjonen sin på www.ryddenorge.no.

Må ein rydda torsdag 12. september?

Nei, du kan rydda utanom torsdag 12. september, men då må du ordna med transport av avfall til konteinar sjølv. Konteinerane blir henta måndag 16. september.