Dette er noko dårlegare enn budsjettert og det er ikkje positivt at ein må bruke av avsette fond for å skape balanse i drifta. Det er meirforbruk i høve det budsjetterte både på lønn og kjøp av varer og tenester. Innsparingskrav på 25 millionar i lønn og 8,7 millionar i innkjøp er ikkje oppnådd. Større eingongsutgifter enn normalt aukar ubalansen, men her er og årvisse utgifter som syner budsjettsprekk. Meirinntekter på skatt, ramme og finans hjelper på sluttresultatet.
Rekneskap for investeringane synar eit stort mindreforbruk. Mykje av dette er utbygging av Trudvang, der framdrifta ligg bak det som var budsjettert, budsjett på 150 millionar med forbruk på 43 millionar. Andre tiltak har og mangla kapasitet for gjennomføring som planlagt.
