Veljarar busett i Noreg blir automatisk innført i manntalet i den kommunen der dei er registrert i folkeregisteret 30. juni i valåret.
Manntal for kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023 vert lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 10. juli - 11. september på desse stadane:
- Balestrand – innbyggartorget, Holmatunet
- Fjærland - Joker
- Leikanger - Tinghuset
- Kaupanger - Coop Ekstra, avd. Kaupanger
- Sogndal - Kommunehuset
Klage på manntalet:
Dersom du meiner at du sjølv eller nokon annan urett er blitt innført eller utelaten frå manntalet i kommunen, kan du krevja at valstyret rettar opp feilen. Kravet skal vera skriftleg og grunngjeve. Send kravet på e-post til postmottak@sogndal.kommune.no eller i brev til Sogndal kommune, Postboks 153, 6851 Sogndal