Bedrifter som ynskjer kjøp mot faktura kan kontakta EasyPark som tilbyr denne løysinga. 
Kontaktinfo EasyPark bedrift: (+47) 23 30 88 80
 

Oversikt over takstgrupper

For tidlegare utskrive årskort gjeld følgjande:

  • Løyvet/parkeringskortet gjeld berre for den sona/området løyvet er utskrive for.
  • Kjøpar av parkeringsløyvet får ikkje førerett til parkering dersom det tidvis ikkje er ledig parkeringsplass.
  • P-kortet skal plasserast godt synleg og fullt lesbart på førarsida.
  • Ved byte av bil må det skrivast ut nytt P-kort. Ta med det gamle kortet til Innbyggartorget som registrerer og skriv ut nytt kort.


Årskort for parkeringsområdet P-hus Eplekjellaren og P-hus S2 på campusområdet må kjøpast på Parkpay.no.

Bedrifter som ynskjer kjøp mot faktura må senda bestilling til postmottak@sogndal.kommune.no og skrive i emnefeltet «bestilling av P-løyve i P-hus Campus» , samt legge inn informasjon om skiltnummer (maks 1 bil pr. kort) organisasjonsnummer og fakturareferanse.