Slik søkjer du

Du nyttar søknadsskjema på nettsida til kommunen for å søkje om ny bevilling/løyve:

Søk serverings- og/eller skjenkeløyve

Søk salsløyve for alkohol

Søkjar skal vere bevillingshavar (løyvehavar), det vil seia den som har det økonomiske ansvaret for verksemda.

Fyll inn alle opplysningar i søknadsskjemaet.

Alle nødvendige vedlegg skal leggast ved når du sender søknaden.

Søknadsfrist: 15. april.

Vedlegg du må ha med i søknaden

For at kommunen skal kunne handsame søknaden, må følgjande dokumentasjon leggjast ved søknaden:

  • Aksjeeigarbok
  • Firmaattest
  • Skatteattest
  • Teikningar som tydeleg viser  sals- / skjenkeareal
  • Bevis for kunnskapsprøve styrar og stadfortredar
  • Kopi av arbeidsavtale styrar og stadfortredar (viss han/ho ikkje arbeider i verksemda i kraft av eigarforhold)

For skjenkebevilling i tillegg:

  • Kopi av serveringsbevilling
  • Grunneigars løyve til eventuell servering/ skjenking ute

Har du spørsmål?

Ved spørsmål ta kontakt med sakshandsamar:
Gunn Ragnhild Rimala
E-post: Gunn.Ragnhild.Rimala@sogndal.kommune.no
Tlf: 916 26 119