Barnehagen har utvida 3 småbarnsavdelingar frå 10 (20 plassar) til 12 barn (24 plassar) ved hjelp av 3. klassestudentar ved barnehagelærarutdanninga.
Korleis har barnehagen klart å rekruttere?
Før påske var assisterande kommunalsjef med ansvar for barnehage, Hilde Valvik Menes, på høgskulen og møtte studentane i 3.klasse på barnehagelærarutdanninga. Der informerte ho om behovet for å rekruttere fleire tilsette, slik at kommunen kunne gi fleire barn tilbod om barnehageplass.
Barnehagane får ofte spørsmål frå studentar som skal skrive bacheloroppgåve om dei kan få vere tilkallingsvikarar, fordi dei har noko ledig kapasitet i tillegg til skriving og studiar. Tanken var då å sjå om ein kunne få nokre av dei til å gå inn i ein meir fast avtale enn berre å vere tilkallingsvikar. Hilde fekk god respons frå studentane om at dette var eit spennande tiltak. Fleire studentar melde si interesse og barnehagen fekk nok personale til å kunne tilby fleire barn barnehageplass. Studentane fekk arbeidsavtale og vart løna for jobben. Det var noko ulikt kor stor stilling dei kunne ha med tanke på studiane. Stillingane har variert frå 40%, 60% og etter kvart 100% for nokre som hjelper oss gjennom sommaren og.
Etter påske var dei fyrste studentane klare til innsats. Andre starta i mai og juni. Barnehagen var avhengig av at det var fleire studentar som delte på stillingane. Dei jobba for kvarandre om dei trong fri til studiane. I vår leverte dei alle bacheloroppgåvene sine og gjennomførte eksamen. Dei er no ferdig utdanna barnehagelærarar.
Tiltaket har vore svært positivt på mange måtar. Positivt for dei foreldra som har fått barnehageplass og som no kan gå attende i arbeid. Personalet i barnehagen har fått fleire gode kollegaer som er utdanna til å kunne jobbe i barnehagen. Barnehagelærarstudentane har ei fersk utdanning med seg, og er oppdatert på den nyaste kunnskapen om barn og barn si utvikling. Dei har gjennom tre år hatt praksis i ulike barnehagar og veit kva ein jobb i barnehagen inneber og kva oppgåver ein skal utføre. Studentane seier at dei har fått ein god arbeidsperiode som er meir realistisk enn det ein får prøvd seg på i praksis. No får dei ansvar og oppgåver som arbeidstakarar og vert ein del av bemanninga.
Studentane kom til barnehagen i ein travel periode med tilvenning av nye barn og elles fullt program med aktivitetar. Trass i dette opplever dei å ha blitt godt tekne i mot og godt varetekne. Med tanke på utdanninga deira seier dei at dei på denne måten kan bidra med noko meir enn dei gjer ved å vere tilkallingsvikar. Studentane syns det var flott at Hilde kom til klassen deira og «selde inn» tilbodet.
Overføringsverdi til utvida samarbeid for alle barnehagane i Sogndal
Med denne erfaringa ser barnehagen potensialet i å knyte til oss meir faste vikarar, og det er eit ønske om å utvikle dette samarbeid med HVL framover. Studentane som stiller får nyttig arbeidserfaring, og kanskje rekrutterer me framtidige medarbeidarar lettare på denne måten.